Hopp til innhald

Nouakchott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nouakchott
by
Land  Mauritania
Areal 1 000 km²
Folketal 1 446 761 (2023)[1]
Kart
Nouakchott
18°05′09″N 15°58′43″W / 18.08581°N 15.9785°W / 18.08581; -15.9785
Wikimedia Commons: Nouakchott

Nouakchott (arabisk نواكشوط‎, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara.[2] Han er ein av dei største byane i Sahara.[3]

Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk.[2] Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957.[2] Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.[2]

Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet.[4] Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar.[2] Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker.[2] Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott.[2] Byen har også ein internasjonal flyplass.[2]

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Nouakchott er delt inn i tre administrative regionar (wilayat) som er leidde av guvernørar utnemnde av den sentrale styresmakta. Kvar region er delt inn i tre department (moughataa):

Nouakchott var opphavleg eit distrikt, men blei ein mauritansk region i 1990.[5] 25. november 2014 blei denne delt inn i dei tre noverande regionane.[6] Den tidlegare guvernøren av Nouakchott, Mahi Ould Hamed, blei den fyrste guvernøren av Nouakchott-Nord.[7]

  1. ↑ 2023 General Population and Housing Census, National Agency for Statistics, Demographic and Economic Analysis, Wikidata Q137211251
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 «Nouakchott». Store norske leksikon (på norsk). 2024-03-02.
  3. ↑ «The Sahara: Facts, Climate and Animals of the Desert». Live Science. Arkivert frå originalen den 3. mars 2016. Henta 21. november 2016.
  4. ↑ «Harbor in Nouakchott Marks China-Mauritania Friendship». news.xinhuanet.com. 28. juli 2009. Arkivert frå originalen 2012-11-02. Henta 2012-11-19.
  5. ↑ Law, Gwillim. «Regions of Mauritania». Statoids. Arkivert frå originalen den 27. juni 2015. Henta 14. juni 2015.
  6. ↑ «Mauritanie: la capitale Nouakchott, sera découpée en trois wilayas». Alakhbar. 26 November 2014. Arkivert frå originalen den 16. oktober 2015. Henta 14. juni 2015.
  7. ↑ «Les trois wali de Nouakchott connus». le calame. 12 December 2014. Arkivert frå originalen den 14. februar 2015. Henta 14. juni 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nouakchott