Hopp til innhald

Moldova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Moldova
Republica Moldova
Adjektiv: moldovsk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 27. august
Nasjonalsong «Limba noastră»
██ Republikken Moldova██ Transnistria
Hovudstad Chișinău
Offisielle språk rumensk[1][2][3][4][5]
 •  Minoritetsspråk russisk, ukrainsk, gagausisk
Flatevidd 33 843,5 km²
 •  vatn 1,4 % km²
Folketal 2 409 207 (8. april 2024)[6]
Historie  
 •  Moldavia 1346
 •  Guvernementet
     Bessarabia
1812
 •  Den moldovske
     demokratiske
     republikken
15. desember 1917
 •  Union med
     Romania
9. april 1918
 •  Moldovsk ASSR 12. oktober 1924
 •  Moldovsk SSR 2. august 1940
 •  Transnistria-
     krigen
2. november 1990
 •  Sjølvstende frå
     Sovjetunionen
27. august 1991
Styresett Parlamentarisk republikk[7]
 •  President Maia Sandu
 •  Statsminister Vasile Tofan
BNP 13 692 230 147 US-dollar (2021)[8]
HDI 0,767 (2021)[9]
Gini 26 (2019)[10]
Tidssone UTC +2
 •  Sommartid UTC +3
Valuta Leu
Telefonkode +373
ISO 3166-kode MD
Toppnivådomene .md
Wikimedia Commons: Moldova

Moldova, offisielt Republikken Moldova,[a] er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Romania i vest og Ukraina i nord, aust og sør.[11] Landet er eit parlamentarisk demokrati med ein president som statsoverhovud og ein statsminister som leiar av regjeringa. Det offisielle språket i landet er moldovsk,[12] som er særs likt rumensk. 11 % av innbyggjarane har russisk som morsmål.[13]

Det meste av Moldova var ein del av det historiske fyrstedømet Moldavia og vart annektert frå Det osmanske riket av Det russiske keisardømet i 1812, som ein del av Bessarabia. Då Det russiske riket vart oppløyst i 1918 vart Bessarabia ein del av Stor-Romania. I 1940 okkuperte Sovjetunionen Bessarabia og Nord-Bukovina og etter den andre verdskrigen vart desse områda delt mellom Ukrainsk SSR og Moldovsk SSR. Moldovsk SSR erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen 27. august 1991, og endra så namn til Republikken Moldova. Russiske styrkar har likevel vore att på moldovske område, i utbrytarregionen Transnistria, som før 1940 var ein del av Ukrainsk SSR, trass i at Russland har signert internasjonale forpliktingar om å trekke seg ut.[14]

Moldova er medlem av Dei sameinte nasjonane, WTO, OSSE, GUAM, Samveldet av sjølvstendige statar, BSEC og andre internasjonale organisasjonar. Moldova har offisielt vore eit nøytralt land sidan sjølvstendet og tidlegare eit medlemsland i det NATO-styrte Partnership for Peace. Moldova prøver for tida å få medlemskap i EU og fekk kandidatstatus i juni 2022.[15]

For meir om dette emnet, sjå moldovsk geografi.
Kart over Moldova.

Det meste av landet ligg mellom dei to elvane Dnestr og Prut. Moldova har eit rikt jordsmonn og temperert kontinentalklima som har gjort landet til eit av dei mest produktive jordbruksområda i regionen.

Den vestlege grensa er danna av elva Prut, som munnar ut i Donau som renn vidare mot Svartehavet. I nordaust er Dnestr den største elva og ho renn frå nord til sør og dannar grensa mellom Transnistria og Bessarabia, resten av Moldova.

Landet har inga kystlinje, sjølv om det ligg særs nær Svartehavet. Dei nordlege områda er åslendt med høgder opp til 430 meter over havet ved det høgaste punktet, Dealul Bălănești. I sør dominerer Den pontisk-kaspiske steppa. Hovudstaden Chișinău, ligg sentralt i landet. Andre store byar er Tiraspol (i Transnistria), Bălți og Bender.

Vintrane er kalde i Moldova, og ein kan ha episodar med ekstremt kaldt vêr når austavinden bles frå Sibir. Vinteren er likevel kortare enn i Ukraina og Romania, og smeltinga om våren kjem tidlegare. Somrane har derimot fine temperaturar, og temperaturane held seg vanlegvis mellom 25 og 30 °C frå juni til august. Landet er derimot ganske så tørt, og Chișinău har ein årleg nedbørsnormal på berre 539 mm.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Administrativ inndeling i Moldova.

Moldova er administrativt formelt sett delt inn i:[16]

Bykommunen Bender og den territoriale eininga Venstre breidd av Dnister er ikkje kontrollerte av styresmaktene i Moldova, men er under kontroll av den internasjonalt ikkje godkjende republikken Transnistria.

  1. ↑ rumensk Republica Moldova
  1. ↑ Moldovan Declaration of Independence, 27. august 1991, Wikidata Q6895819
  2. ↑ «Hotărârea nr. 36 din 05.12.2013 privind interpretarea articolului 13 alin. (1) din Constituție în corelație cu Preambulul Constituției și Declarația de Independență a Republicii Moldova». 5. desember 2013.
  3. ↑ https://web.archive.org/web/20191228114420/https://www.loc.gov/law/foreign-news/article/moldova-Moldavia. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp); |archive-url= requires |archive-date= (hjelp)
  4. ↑ https://web.archive.org/web/20140709082739/http://constcourt.md/libview.php?l=en&idc=7&id=512&t=%2FOverview%2FPress-Service%2FNews%2FThe-text-of-the-Declaration-of-Independence-prevails-over-the-text-of-the-Constitution. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp); |archive-url= requires |archive-date= (hjelp)
  5. ↑ Radio Free Europe https://web.archive.org/web/20161024162858/https://www.rferl.org/a/moldova-romanian-official-language/25191455.html. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp); |archive-url= requires |archive-date= (hjelp)
  6. ↑ 2024 Moldovan census, 15. juli 2025, Wikidata Q125359842
  7. ↑ Kledal, Birger; Poulsen-Hansen, Lars Peder; Erbs, Kjeld. «Moldova» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 2026-08-21.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  8. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  9. ↑ «Human Development Report». 2022.
  10. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  11. ↑ «Moldova» i Store norske leksikon, snl.no.
  12. ↑ Artikkel 13, linje 1 - av den moldovske grunnlova (PDF)
  13. ↑ Biroul Național de Statistică al Republicii Moldova, arkivert frå originalen 2008-11-18, henta 2008-02-04 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  14. ↑ The 1999 OCSE Istanbul Summit Decisions on Moldova and Georgia: Prospects for Implementation, arkivert frå originalen 2007-09-30, henta 2008-02-04 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  15. ↑ «EU awards Ukraine and Moldova candidate status», BBC News (på britisk engelsk), 23. juni 2022, arkivert frå originalen den 23. juni 2022, henta 16. august 2022
  16. ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764-XV av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Moldova