Hopp til innhald

Ligurisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ligurisk i oldtida.
Ligurisk
Lìgure
Klassifisering indoeuropeisk
 romansk
  galloromansk
Bruk
Ligurisktalande i alt 1,9 millionar (2000)[1]
Språkkodar
ISO 639-2 roa
Wikipedia på ligurisk

Ligurisk er eit romansk språk tala i Liguria nord i Italia og langs Rivieraen, i Monaco og delar av Frankrike, og nokre stader på Korsika og Sardinia. Den viktigaste dialekten er zenéize eller genovesisk som blir tala i Genova, den største byen i Liguria.

Ligurisk liknar meir på piemontesisk, lombardisk og fransk enn standard italiensk. Dei fleste talarane er fleirspråklege med italiensk som andrespråk.[1]

I Monaco talar ein den monegasiske dialekten (munegascu) som hadde få talarar på 1970-talet. Undervising i skulane gjorde at språket blei kjend for fleire.[1]

Dei liguriske dialektane på Sardinia blir kalla tabarchin. Han blir særleg tala i Carloforte på San Pietro og i Calasetta på Sant'Antioco.

Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom moderne ligurisk og språket som blei tala i Liguria i oldtida.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på ligurisk

Fotnotar
  1. 1 2 3 Ligurian ved Ethnologue