Hopp til innhald

Djibouti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Djibouti
جمهورية جيبوتي
Jumhūriyyat Jībūtī

République de Djibouti
Jamhuuriyadda Jabuuti
Gabuutih Ummuuno
Adjektiv: djiboutisk
Motto Ikkje noko
Nasjonalsong «Djibouti»
Hovudstad Djibouti
Offisielle språk fransk, arabisk
Flatevidd 23 200 km²
 •  vatn 0 % km²
Folketal 1 152 944 (2023)[1]
Sjølvstende frå
Frankrike
27. juni 1977
Styresett Presidentiell republikk[2]
 •  President Ismaïl Omar Guelleh
 •  Statsminister Abdoulkader Kamil Mohamed
BNP 3 372 287 462 US-dollar (2021)[3]
HDI 0,509 (2021)[4]
Gini 41,6 (2017)[5]
Tidssone UTC +3
Valuta Djiboutiske franc
Telefonkode +253
ISO 3166-kode DJ
Toppnivådomene .dj
Wikimedia Commons: Djibouti

Djibouti,[a] offisielt Republikken Djibouti,[b] er ein republikk på Afrikas horn, med grensar til Eritrea, Etiopia og Somalia.[6][7] Djibouti har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Raudehavet med Yemen 20 km ifrå på andre sida.

Fleire ulike stammar har halde til i området, men i dag er issaer og afarar dei viktigaste. Stammane har historisk handla mykje med arabarane og blei tidleg muslimar.

På 1800-talet gjorde Frankrike området til eit protektorat som dei kalla Fransk Somaliland. I 1967 blei namnet endra til Det franske territoriet til afarane og isaene, men i 1977 blei det sjølvstendig under namnet Djibouti.

Ein borgarkrig mellom styresmaktene og afarleiarar tidleg på 1990-talet blei avslutta med ein fredsavtale underskriven i 1994.

Kart over Djibouti.

Store delar av Djibouti består av steinørken. Berggrunnen består av lava og vulkanske høgdedrag, som einskilde stader hevar seg over 1500 moh. Høgast når Moussa Ali Terara på grensa mot Etiopia og Eritrea med 2021 moh. (òg mælt til 2063 moh).

Forkastingar langs Raudehavet har skapt senkingar der Hanléslettene og saltsjøane Alol og Assal ligg. Assal ligg krubg 155 m lågare enn havoverflata. Kysten er djupt innskoren av Tadjourabukta.

Abbésjøen i vest, på grensa mellom Djibouti og Etiopia, er kjent for eit rikt fugleliv med flamingoar, pelikanar og ibisar.

Djibouti har ørkenklima med ekstrem varme. Det lågtliggande kystområde er svært varmt året rundt, men har lågare temperaturar når sola står lågare på himmelen. Mykje av dei indre områda strekkjer seg over 500–600 m, og temperaturen og fukta er litt lågare enn ved kysten. Dei årlege nedbørsmengdene er under 500 mm, og mange stader berre kring 125 mm. Det regnet som kjem på kysten kjem vanlegvis i perioden november til mars, men i dei indre områda er det meir vanleg med regnbyger frå april til oktober. Landet er periodevis råka av tørke, men stundom òg flaum.

Hovudstaden Djibouti har ein årleg middeltemperatur på 30 °C. Januar er den kaldaste månaden med 25 °C i middel, medan juli er den varmaste med 37 °C (døgnmaksimum 43 C°).

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

To tredjedelar av innbyggjarane i landet bur i hovudstaden, som òg heiter Djibouti. Resten er stort sett nomadar som lever av husdyrhald.

Dei to største folkegruppene er dei somalitalande issaene, rundt 60 % av alle innbyggjarane, og afarane, på rundt 35%. Resten er europearar, for det meste franskmenn og italienarar, arabarar eller etiopiarar.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Djibouti er ein frihandelssone, og økonomien er forankra i tenester som heng saman med dette. Landet er både transitthamn for regionen og eit internasjonalt skipssenter der skip blir lasta om og tankar drivstoff.

Elles har Djibouti lite industri og få naturressursar, bortsett frå den strategiske plasseringa og ei kystline på 80 mil. Det tørre klimaet hindrar storstilt matproduksjon, og mykje må kjøpast inn utanfrå. Landet har noko eksport av skinn og kaffi.

  1. ↑ arabisk جيبوتي‎, romanisert Jībūtī; fransk Djibouti; somali Jabuuti; afar Yibuuti
  2. ↑  • arabisk جمهورية جيبوتي‎, romanisert Jumhūriyyat Jībūtī
     • fransk République de Djibouti
     • somali Jamhuuriyadda Jabuuti
     • afar Gabuutih Ummuuno
  1. ↑ Landkode (ISO 3166-1 numerisk): 262; vitjingsdato: 23. november 2024.
  2. ↑ Møller, Bjørn; Pedersen, Christian Fogd; Simonsen, Jørgen Bæk; Carstensen, Nils; Enevoldsen, Thyge. «Djibouti» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 15. september 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  3. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  4. ↑ «Human Development Report». 2022.
  5. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  6. ↑ «Djibouti» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. ↑ «Djibouti» (på engelsk). Britannica. Henta 15. september 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Djibouti