USA

«Vi, folket»

Eidsvollsmennene lét seg inspirere av USAs sjølvstendeerklæring og grunnlov. Men grunnlovane skulle utvikle seg i kvar si retning.

John Trumbull måla mennene bak sjølvstendeerklæringa i 1819. Biletet heng i den amerikanske kongressbygningen.
Publisert Sist oppdatert

I USA har dei Independence Hall i Philadelphia. I Noreg har vi Eidsvollsbygningen. Begge symbolske stader som markerer verdiar som fridom, likskap og folkestyre.

Men kor godt kjente mennene som kom til Eidsvoll i 1814, ordlyden i USAs sjølvstendeerklæring, vedteken i Philadelphia 4. juli 1776, grunnloven vedteken i 1787 og grunnlovstillegga frå 1791?

– Ein tenkjer gjerne at det ikkje kan ha komme mykje informasjon ut til bygdene, men det gjorde det, seier Bård Frydenlund når eg treffer han ved nasjonalheilagdommen på Eidsvoll.

Frydenlund er direktør for Eidsvoll 1814, og dei siste åra har han leia eit prosjekt om grunnlovsfedrar på tvers av Atlanterhavet.

Når nordmennene var såpass godt informerte som dei var, forklarar Frydenlund, hadde det samanheng med at fleirtalet i befolkninga kunne lese.

– På grunn av konfirmasjonsundervisninga som vart innført i 1730- og 1740-åra, kunne opp mot 90 prosent lese. Så sjølv om ein del av dei ikkje kunne skrive, kunne dei lese blant anna aviser.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel