Wim Kok
| Wim Kok | |||
| | |||
| Fødd | 29. september 1938 Bergambacht | ||
|---|---|---|---|
| Død | 20. oktober 2018 (80 år) | ||
| Statsborgar av | Kongeriket Nederlanda | ||
| Parti | Partij van de Arbeid | ||
| Yrke | politikar, fagforeiningsleiar, regjeringssjef | ||
| Utdanna ved | Nyenrode Business Universiteit | ||
| Ektefelle | Rita Kok | ||
| Medlem | Federatie Nederlandse Vakbeweging | ||
| Verv | statsminister i Nederland 1994 til 2002 | ||
| Alle verv |
| ||
Willem Kok, kjend som Wim Kok, (29. september 1938–20. oktober 2018) var ein nederlandsk politikar frå Krimpenerwaard. Han var frå 1994 til 2002 statsminister i Nederland.
Kok var leiar av eit sosialistisk fagforbund frå 1972 til -76. Då det same forbundet i 1976 slo seg saman med eit katolskleidd fagforbund, tok han over som leiar av det nye forbundet, ein posisjon han hadde til 1985. Frå 1986 representerte han arbeidarpartiet PvdA i nasjonalforsamlinga. Same året vart han vald til leiar av partiet. Perioden 1989-94 var han finansminister i ei koalisjonsfregjering leidd av Ruud Lubbers.
Den 22. august 1994 vart Kok utnemnd til statsminister i Nederland. Dei neste åtte åra stod han i spissen for ei koalisjonsregjering beståande av PvdA og liberalkonservative VVD og sosialliberale Democrats 66. Kok-koalisjonen heldt fram etter valet i 1998. Regjeringa førte ein pragmatisk og konsensusorientert politikk. Kok-regjeringa gjekk av 22. juli 2002, delvis grunna i sterk offentleg kritikk for handteringa av kringsetjinga av Srebrenica i 1995. Kok gjekk frå formannsrolla i PvdA i desember 2001.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wim Kok» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2019.