Oruro-departementet
| Oruro-departementet | |||
| departement | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Oruro | ||
| Areal | 53 588,0 km² | ||
| Folketal | 571 471 (2024)[1] | ||
![]() Oruro-departementet 18°40′00″S 67°40′00″W / 18.666666666667°S 67.666666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Oruro Department | |||
Oruro er eit av dei ni departementa som Bolivia er delt inn i. Hovudstaden og den mest folkerike byen er Oruro. Departementet ligg vest i landet der det grensar mot to regionar i Chile. Mot nord ligg La Paz-departementet og mot sør og aust Potosí-departementet. Mot nordaust ligg Cochabamba.
Med eit areal på 53 588 km² er Oruro det tredje minste departementet i Bolivia, framføre Chuquisaca og Tarija. Departementet er delt inn i 16 provinsar, som igjen er delte inn i 35 kommunar.
Namnet Oruro har opphav frå urufolket, eit av dei eldste kultursamfunna i boliviansk Andes.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet Oruro ligg på Altiplano i ein gjennomsnittleg høgd på om lag 3700 meter over havnivå, vest i Bolivia. Topografien er for det meste flat, men store delar av territoriet er fjellendt.
Hovudstaden Oruro ligg 3706 moh., ved 17°58′ sørleg breidd og 67°6′ vestleg lengd. Byen er omgjeven av ei fjellrekkje med ti toppar. Den høgaste er San Felipe, og i fjellsida ligg El Toro, ein steinformasjon som gruvearbeidarar tradisjonelt har nytta i samband med karnevalsfeiringa. Sør for byen ligg innsjøen Uru Uru.
I den vestlege delen av departementet, langs grensa mot Chile, ligg Cordillera Occidental, òg kalla den vulkanske fjellkjeda. Her finn ein Nevado Sajama (6542 moh.), den høgaste vulkanen og det høgaste fjellet i Bolivia, og Payachata-massivet med Pomerape (6222 moh.) og Parinacota (6132 moh.). Sørvest i departementet ligg Cordillera de Sabaya, med mellom anna Carabaya (5869 moh.) og Tata Sabaya (5550 moh.).
Den sentrale delen av Oruro er ein del av det store høglandsplatået Altiplano. I nordaust strekkjer ein del av Cordillera Tres Cruces seg inn i departementet. Parallelt med innsjøane Uru Uru og Poopó ligg Cordillera de Azanaques. Denne fjellkjeda gjer ut for vasskiljet mellom dei endorheiske nedbørfelta på Altiplano og nedbørfelta som drenerer mot Amazonas og Río de la Plata. Viktige fjelltoppar er Negro Pabellón (5400 moh.) og Cumbre del Toro (5180 moh.).
Departementet ligg i det endorheiske hovudnedbørfeltet Titicaca–Desaguadero. Den viktigaste elva er Desaguadero, som knyter Titicaca saman med Poopó. Andre vassdrag er Tacagua, Sevaruyo og Juchusajahuira. I tillegg til Lago Poopó finst Coipasa, som over store delar av området òg blir rekna som ei saltslette.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet er kaldt det meste av året. Den gjennomsnittlege årstemperaturen er om lag 9 °C, medan temperaturen om sommaren kan nå 20 °C på føremiddagen og tidleg på ettermiddagen. Skilnaden mellom dei lågaste temperaturane om vinteren og om våren og sommaren er over 10 °C.
Etter Köppen si klimaklassifisering har departementet Oruro hovudsakleg kaldt halvtørt klima (BSk).[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Departamento_de_Oruro» frå Wikipedia på spansk, den 7. september 2026
- ↑ Instituto Nacional de Estadística (2025), Tabulados por Municipio/TIOC: Población (på spansk), Wikidata Q139668018, henta 10. mai 2026
- ↑ «Climate Oruro» (på engelsk). Climate-Data.org. Henta 7. september 2026.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
