LIGO Scientific Collaboration
Utsjånad
| LIGO Scientific Collaboration | |||
| Skipa | 1997 | ||
|---|---|---|---|
| Hovudkontor | California Institute of Technology, Massachusetts Institute of Technology | ||
| Nettstad | http://www.ligo.org/ | ||
LIGO Scientific Collaboration (LSC) vart stifta i 1997 og er eit samarbeid mellom meir enn 800 vitskapsmenn verda over. Dei jobbar i hovudsak med å oppdage gravitasjonsbølgjer i dei mest ekstreme forhold og hendingar i universet. Ei slik oppdaging gjev oss moglegheita til å utforske den fundamentale gravitasjonsfysikken grundigare, og me vil samstundes utvide feltet om gravitasjonsbølgjer i fysikken, noko som vil danne grunnlag for eit verktøy i astronomisk forsking. Dei bruker detektorane LIGO, GEO 600 og VIRGO.
LSC driv forskinga si i LIGO observatoria, som er å finne i Hanford i Washington og Livingston i Louisiana, så vel som GEO600 detektoren i Hannover i Tyskland.