Hopp til innhald

Donetsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donetsk oblast
(ua) Донецька область
(ru) Донецкая область
oblast
Flagg
Symbol
Kallenamn: ukrainsk Донеччина (Donetsjtsjyna)
Land  Ukraina
Rajon 18
Byrajon 28
Byar 183
Landsbyar 1124
Hovudstad Donetsk
Areal 26 517 km²
Folketal 4 200 461 (1. januar 2018)[1]
Grunnlagd 3. juni 1938
Språk ukrainsk, russisk[2]
ISO 3166-2-kode UA-14
Postnummer 83000–87999
Retningsnummer +380-62
Bilnummer Ukraina: АН, АТ, ЯН, ЕВ, ЕА, ЕК, ЕМ, ЕС
Kart
Donetsk oblast
48°08′N 37°44′E / 48.14°N 37.74°E / 48.14; 37.74
Kart over Donetsk si plassering i Ukraina.
Kart over Donetsk si plassering i Ukraina.
Kart over Donetsk si plassering i Ukraina.
Wikimedia Commons: Donetsk Oblast

Donetsk oblast[a] er eit oblast aust i Ukraina. Hovudstaden heiter Donetsk. Historisk sett har provinsen utgjort mesteparten av Donbas-området. Provinsen har eit areal på 26 500 km².

Donetsk er den mest folkerike provinsen i Ukraina, med 4,6 millionar innbyggjarar (2006). Dette skuldast nokre store industribyar og dessutan urbane område rundt desse byane. Provinsen har mykje tungindustri, blant anna kolgruver og dessutan jarn- og stålverk.

Ved den ukrainske folketellinga i 2001 var dei etniske gruppene i Donetsk oblast: ukrainarar – 2 744 100 (56,9%), russarar – 1 844 400 (38,2%), grekarar – 77 500 (1,6%), belarusarar – 44,500 (0,9%) og andre (2,3 %).[3]

Russiske styresmakter har hatt den dominerande kontrollen over provinsen etter at dei annekterte han den 30. september 2022.[4]

Styresmaktene i Donetsk truga med at dersom Viktor Jusjtsjenko vann presidentvalet i Ukraina i 2004, ville ein halde folkeavstemming om Donetsk skal erklære seg som ein sjølvstendig provins i Ukraina. Denne folkeavstemminga vart seinare avlyst.

Folkerepublikken Donetsk

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2014 var Donetsk oblast og Luhansk oblast delvis kontrollerte av pro-russiske separatistar. Delelina gjekk midt gjennom dei to regionane med byane Donetsk og Luhansk på den austelege sida av grensa, mens blant anna Kramatorsk og Mariupol fram til krigen i Ukraina var kontrollert av regjeringa i Kyiv. Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk proklamerte i 2014. Viktor Janukovitsj, som vart avsett i 2014, er fra Donetsk-området.[5][6] Kramatorsk har sidan fungert som hovudstad for den delen av Donetsk oblast som er under ukrainsk kontroll.[7] Russiske styrkar har uoffisielt vore i området sidan 2014.[8][9] Det har vore uklart om striden i Aust-Ukraina bør bli definert som ein ukrainsk borgarkrig eller som ein krig med Russland.[10]

Russland sin president, Vladimir Putin, kunngjorde den 21. februar 2022 at Russland anerkjende dei to utbrytarområda som uavhengige, og inngjekk ein venskaps- og bistandsavtale med opprørsleiarane[11] med rett for Russland til å etablere militærbasar og utplassere rakettar.[6] Den 24. februar sende Russland militære styrkar inn i Ukraina – ifølgje Putin for å tryggje freden i Aust-Ukraina. Dermed eskalerte krigen i Ukraina ytterlegare.[9][12][13]

Viktige byar i Donetsk oblast

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ ukrainsk Донецька область Donetska oblast, russisk Донецкая область Donetskaja oblast
  1. ↑ Ukrainas statistikkbyrå (11. juni 2018), Чисельність наявного населення України на 1 січня 2018 року (PDF) (på ukrainsk), Kyiv: Ukrainas statistikkbyrå, Wikidata Q64581614, arkivert frå originalen (PDF) 25 February 2022, henta 12. juni 2019
  2. ↑ «Русский язык стал региональным в Севастополе, Донецкой и Запорожской обл». RosBusinessConsulting. 16. august 2012. Henta 16. august 2012.
  3. ↑ «Про кількість та склад населення Донецької області за підсумками Всеукраїнського перепису населення 2001 року. (Ukraina Folketelling 2001)».
  4. ↑ AS, TV 2 (2022-09-30), «Følg Putins tale om annekteringen», TV 2 (på norsk), henta 2022-09-30{{citation}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  5. ↑ «What is the background to the separatist attack in east Ukraine?». the Guardian (på engelsk). 2022-02-17. Henta 2022-02-21.
  6. 1 2 «Is Russia invading Ukraine and what will happen next?». the Guardian (på engelsk). 2022-02-22. Henta 2022-02-22. «Putin has also sent his military on a "peacekeeping mission" to Ukraine, meaning that Russia will formally occupy sovereign Ukrainian territory for a second time following the 2014 annexation of Crimea. But in this case, Russia has not annexed the territories. A document signed by Putin on Monday also allows him to establish military bases or place missiles in the territories.»
  7. ↑ https://www.politico.eu/article/life-in-ukraines-buffer-zone/
  8. ↑ NRK (2022-02-22). «Drømmen om et imperium og stormaktsspill». NRK (på bokmål). Henta 2022-02-22.
  9. 1 2 Zondag, Martin H. W. (2022-02-21). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på bokmål). Henta 2022-02-22. «Han påpeker samtidig at Russland siden 2014 har hatt en sterk uoffisiell militær tilstedeværelse i deler av Donetsk og Luhansk. Det betyr at det er noe usikkert hvor store praktiske konsekvenser den siste utviklingen har.»
  10. ↑ Mjaaland, Ola (2022-02-22). «Forsker: Russland har fått det som de vil». NRK (på bokmål). Henta 2022-02-22. «– Ukraina opplever at dette har blitt fremstilt som en borgerkrig i Ukraina, noe de mener det ikke er. De mener det er Russland som har kontrollert disse væpnede gruppene siden 2014, sier Flikke.»
  11. ↑ Berg (Grafikk), NTB |, Brage Lie Jor, Kaja Storrøsten, Kjell Erik (2022-02-21). «Anerkjenner områder som uavhengige». dagbladet.no (på norsk). Henta 2022-02-22.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  12. ↑ Zondag, Martin H. W. (2022-02-21). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på bokmål). Henta 2022-02-22.
  13. ↑ «Russia strongly condemned at UN after Putin orders troops into eastern Ukraine». the Guardian (på engelsk). 2022-02-22. Henta 2022-02-22.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Donetsk oblast